Utvalgsmøte 4

Nå finner du et kort referat fra utvalgets fjerde møte under «Utvalgsmøter».

 

 

Liedutvalget inviterer til innspillskonferanse 1. juni

Vil du påvirke norsk videregående opplæring? Har du meninger om hva som er styrker og svakheter ved dagens system?

Les mer og meld deg på her.

 

 

Vidaregåande under lupa

Ragnhild Lied

Det har vore til dels heftig debatt om vidaregåande opplæring gjennom dei nærare 25 åra som er gått sidan Reform 94. Likevel har det ikkje vore gjort grunnleggande endringar i strukturen i vidaregåande opplæring sidan den gongen. Nokre tilpassingar og justeringar har det naturleg nok vore, men dei grunnleggande elementa har overlevd både ros og ris.

Det vart sett ambisiøse mål for vidaregåande opplæring i 1994. Elevane skulle enten bli studieførebudde eller yrkesførebudde. Nå blir det til og med lagt til rette for at somme skal klare begge deler på relativt kort tid. Men ikkje minst skal ungdom modnast, trivast og dannast.

Mest debatt har det gjennom åra vore om gjennomføring og fråfall. Reform 94 skulle gjere vidaregåande opplæring tilgjengeleg for alle samstundes med at strukturen skulle forenklast og effektiviserast. Koplinga mellom yrkesfag og allmennfag skulle styrkast, slik at utdanninga blei meir relevant for både elevar og samfunnet. Det er ikkje tvil om at fleire har fått tilgang til vidaregåande opplæring, men vi slit framleis med både fråfall og mangel på meistring for store ungdomsgrupper.

Det var eit klart mål at det skulle byggast bru mellom yrkesfaga og dei studieførebuande faga, og at yrkesfagelevar skulle kome så nær studiekompetanse som mogeleg. Etter 25 år med blanda erfaringar er det på sin plass å stille spørsmålet om barn blei kasta ut med badevatnet. Kasta vi vrak på kjerneelement i to viktige læringstradisjonar – den yrkesfaglege med tett kopling til praksis, og den studieførebuande med tydelege krav til fagleg breidde og teoretisk fordjuping?

Både yrkesfaga og dei studieførebuande faga møter kritikk, ikkje berre frå mottakande instansar, men også frå elevar. Yrkesfaga manglar praksis og relevans blir det hevda. Samtidig viser forsking at elevar med svake karakterar, slit med å gjennomføre høgare utdanning.

Når det er sagt: Når har mottakande instansar vore fornøgde med den utdanninga og den kompetansen dei får servert?

Same kva som er mål og struktur, er dei viktige oppgåvene for vidaregåande opplæring å motivere og inspirere ungdom til læring. Dei skal gjennom krevjande oppgåver, dei skal oppleve meistring på vegen mot å bli gagns menneske.

Eit stadig meir skiftande, fragmentert og teknologisert samfunn og arbeidsliv gjer dette ekstra viktig. Ungdom er notidas utsendingar inn i ei framtid vi ikkje kjenner. Det er denne framtida dei skal møte og meistre.

Dette er også med på å gi vidaregåande ei sentral rolle som utdanningsinstitusjon for vaksne som treng ny kompetanse. Vidaregåande opplæring, med sitt desentraliserte tilbod, bør kunne spele ei nøkkelrolle for i satsinga på livslang læring.

Utvalsmedlemmene har ulik ståstad, ulike erfaringar og ulik kompetanse, men til saman har vi både eit skarpt blikk og eit vidsyn på breidda i vidaregåande opplæring.

Elevane og lærlingane sine synspunkt er viktige for oss. Det same gjeld for lærarane, leiarane og fylkeskommunane, og deira representantar. Arbeidslivet er ein sentral premissleverandør. Det same bør universitet og høgskular vere.

Utvalsarbeidet er i startfasen, men i godt gjenge. Vi skal levere ei delinnstilling i løpet av 2018. Vi arbeider no med å hente inn og systematisere eit breitt kunnskapsgrunnlag, både gjennom forsking og gjennom dialog med aktørar i sektoren.

Vi registrerer at det er stor interesse for arbeidet. Det er gledeleg.

Det blir no oppretta ei nettside slik at det skal vere mogeleg å følgje utvalsarbeidet og å kome med innspel til oss.

Som lektor med erfaring frå ulike delar av vidaregåande opplæring veit eg at kunnskapspolitikken er full av spenningar – mellom kunnskapssyn, og mellom prinsipp, prioriteringar og praksis. Eg veit også at opplæringskvardagen kan vere hektisk og krevjande både for elevar og lærlingar, og for lærarar og opplæringsansvarlege. Men det er også dette krysspresset og kompromissa som skaper dynamikk i opplæringa, og som er vegen til meistring og resultat.

Som utvalsleiar ser eg fram til utvalsarbeidet og dialogen med eksterne aktørar.


 

Fra første møte i utvalget 16. oktober 2017

 

Tine Prøitz, Anders Bakken, Ragnhild Lied, Gjermund Viste, Sylvia Lind, Kristine Novak, Olav Myklebust, Liv Bjørnson, Vidar Lande, Anna Tønder, Odd-Inge Strandheim, Siri Halsan, John Arve Eide