Både den siste og tidlegare elevundersøkingar avdekkjer eit interessant fenomen på skulen vår. Når motivasjon og trivsel vert målt, er det ei Vg3-klasse som scorar høgare enn alle andre. Ein kunne tru at dette var musikk, dans og drama-klassa, der elevane har ein sterk fagidentitet, og mange arenaer for relasjonsbygging og fagleg samarbeid? Eller media- og kommunikasjonsklassa med høgt motiverte elevar med felles interesser? Men nei. Sigeren går til elevane med fagbrev i påbyggingsklassa. Kontaktlærarane deira er ikkje i tvil om at ei av dei viktigaste årsakene er: alle elevane har gjennom minst to år i lære møtt krevjande arbeidsdagar, tydelege krav frå arbeidsgjevar og brukarar som vil ha produkt og tenester levert. Dei har fått innsikt i yrkeslivet, i ein ekte jobbkvardag, i ei verd som absolutt er reell.

Elevane med jobberfaring finn det motiverande når undervisninga og vurderinga vert lagt til rette for best mogleg læring. For dei er det trygt og trivselskapande med tid til å ete mat i ei kantine med ergonomiske stolar og breitt utval av rettar med korrekt næringsinnhald, godt merka for elevar med allergiar og intoleransar. Og det gjev læringslyst at kontakt- og faglærarar samtalar med elevane om fagleg progresjon, eigenvurdering, vurdering av undervisninga og læringsmiljø. Etter to år i lære er relevansen til undervisningsfaga lettare å forstå.

Når elevar elles i vidaregåande skule scorar lågare på motivasjon og trivsel; Kan det kome av at dei ikkje helt ser relevansen? Er vidaregåande skule, for elevar som ikkje har prøvd seg i arbeidslivet, blitt ei eiga, litt for isolert verd?

Studiespesialiserande vert ofte kalla ei forlenging av ungdomsskulen, både av elevane sjølve, foreldre og rådgjevarar på ungdomsskulane. Faga på Vg1 er for det meste fellesfag, med avgrensa høve til å velje retning. Talet på timar er som før, og praktisk-estetiske fag som kan bryte opp i ein teoretisk fullpakka kvardag er fråverande. Målet med dette 11. året, synest uklart for mange av elevane, og kanskje er det óg litt uklart for lærarane? Elevane skal ikkje berre verte danna, gangs menneske, dei skal også bli godt budde til høgare utdanning. Neste stopp på reisa for dei fleste elevane på studiespesialiserande er høgskule og universitet med krav om å kunne lese store mengder tekst, å kunne skrive reflekterande testar, fordjupe seg i kunnskap og tenkje kritisk, og ikkje minst ta ansvar og styring på eige læringsarbeid. Dette er overordna ferdigheiter og eigenskapar. Går ein djupare ned i det, så bør studiespesialiserande også bu elevane på metodar, omgrep, vitskapsteoriar og moderne utstyr som vert nytta på høgskule- og universitetsstudia. Men har lærarane og leiinga ved skulane føresetnad, utstyr og kompetansemål som bygger under for noko slikt? Dei siste åra har vi fått ei ordning med universitetsskular som samarbeider med nærliggjande universitet innan ulike felt. Det er sikkert ein styrke for dei som er med, men få er med i ordninga, og skulane ligg oftast i dei store byane nær universiteta.

Sjølv har eg som lektor ved fem ulike vidaregåande skular sett eit fantastisk mangfald av gode læringsmiljø som gjer elevane på studieførebuande utdanningsprogram, studieførebudd. Likevel ser eg behov for eit tettare og meir systematisk samarbeid mellom UH-sektoren og vidaregåande opplæring. Studieførebuande utdanningsprogram hadde hatt bruk for eit tilsvarande råd som det yrkesfagopplæringa har, SRY (Samarbeidsrådet for yrkesopplæring). I samarbeidsrådet sit partane frå arbeidsliv, elevar, lærarar, skuleeigarar og departement saman. Kvifor har vi ikkje eit slikt råd for samarbeid mellom studieførebuande opplæring, UH-sektoren og arbeidslivet?

Det er snart 20 år sidan eg sjølv tok hovudfag i økologi ved Universitetet i Bergen. Sidan har eg dessverre ikkje fått sett mine bein i forskingsmiljøet eg studerte i. Fagfeltet har endra seg mykje, og av og til opplever eg meg som ein fagleg relikvie når eg førebur biologielevane mine i eit fag der mykje av kompetansen min er forelda med 20 år. Denne opplevinga er eg ikkje åleine om. Som hovudtillitsvalt i fagorganisasjonen min er eg med på kompetanselønnsforhandlingane i fylket der etter- og vidareutdanningsmidlar vert fordelte. Berre to av 120 lektorar blant mine medlemmar tok sist år, i samråd med skuleleiinga, utdanning utover eige hovudfag eller mastergrad. Sjølv om fagleg oppdatering ikkje berre skjer gjennom studiar på høgskule og universitet, går det ei grense for kor oppdatert du kan bli gjennom forelesingar på YouTube, dagsamlingar i fylkeskommunen, og faglege artiklar på skulebiblioteket! Når vi som lærarar og lektorar ikkje får høve til å vere på høgd med utviklinga i eige fag og i samfunnet, slik opplæringslova krev, korleis skal elevane då oppleve at undervisninga er relevant?

Elevane må og få høve til å løfte blikket både ut over eigen skule, og utanfor Noreg. Fleire fylke har gode ordningar for elevutveksling med utanlandske skular, og mange elevar på yrkesfag tar praksis i utlandet. I Møre og Romsdal Fylkeskommune kan elevar ta Vg2 på fleire skular i Skottland, som eitt av tre år på studieførebuande utdanningsløp. Fylkeskommunen rettleiar elevane i fagval ute, og gjev intensivundervisning i fellesfag som historie og norsk, som dei går glipp av i utlandet. Dei norske elevane skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring og innsikt i eit anna land sin kultur. Studiet er krevjande, stiller store krav både til omstilling, sjølvstende og målretta arbeid. Eigenskapar ein ynskjer hos studentar på høgskule og universitet, har mange av utvekslingselevane fått etter eitt år med Vg2 «across the pond».

I mine auge må vi no leite fram nåla og stikke hol på bobla som studiespesialiserande opplæring er inne i. La heile vidaregåande opplæring i større grad bli ein del av samfunnet, arbeidslivet, fagfelta og ikkje minst verda.