I eit heilt år har vi i Liedutvalet samla kunnskap om vidaregåande opplæring, både om ungdom og vaksne. Vi har dokumentert korleis vegen inn i – gjennom – og ut av opplæringa ser ut og opplevast. Vi har ikkje like mykje forskingsbasert kunnskap om alle sider ved opplæringa, og det er ikkje all statistikk vi er like imponert over! Likevel meiner vi at vi har vist eit breitt bilete av ei vidaregåande opplæring med mange positive siderog med nokre utfordringar.

For oss i utvalet har særleg møter med elevar, lærlingar, lærarar, skuleleiarar og opplæringsansvarlege i bedrifter vore til stor nytte og inspirasjon. Vi har tatt med oss mange av dei historiene dei har gitt oss frå kvardagen sin. Vi har med andre ord lagt stor vekt på den erfaringsbaserte kunnskapen frå alle dei som kjenner opplæringa best!

Mandatet vårt var at vi skulle beskrive utviklinga av dagens tilbod, organisering og ansvarsforhold, og gi ei vurdering av sterke og svake sider ved opplæringa. I lenka nedanfor finn du innstillinga der vi svarar på den første delen av mandatet. Denne innstillinga skal vere utgangspunktet for hovudinnstillinga som vi skal levere i slutten av 2019.

NOU 2018: 15

Kva finn du i denne innstillinga?

I kapittel 2 finn du ein oversikt over vidaregåande opplæring slik ho ser ut i dag. Vi omtalar dei som går i vidaregåande opplæring, kvar dei går og korleis det går med dei. Vi omtalar også fylkeskommunen sitt ansvar for opplæringa.

Kapittel 3 gir eit historisk blikk på utviklinga fram mot den vidaregåande opplæringa slik vi kjenner ho i dag.

I kapittel fire omtalar vi utviklingstendensar som kan få konsekvensar for den vidaregåande opplæringa. Mellom anna finn du nokre tankar om kva utviklinga kan ha å seie for kompetansebehova i framtida.

Kapittel fem omtalar dei aktørane som møter elevar og lærlingar dagleg, og deira kompetanse og kompetansebehov. Her finn du også omtale av vurderingsordninga og kva ho har å seie for opplæringa. Til slutt omtalar vi tilgang til og bruk av utstyr i opplæringa.

Kapittel seks skildrar dei studieførebuande utdanningsprogramma, både strukturen og innhaldet. Her finn du også ein omtale av korleis studieførebuande opplæring ser ut i nokre andre land. Til slutt i kapitlet finn du utvalet sine vurderingar.

Kapittel sju skildrar dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, både strukturen og innhaldet. Også i dette kapitlet omtalar vi opplæringa i andre land, og til slutt i kapitlet finn du utvalet sine vurderingar.

Kapittel åtte handlar om dei som ikkje fullfører eit vidaregåande løp med full kompetanse. Vi ser på utviklinga over tid, og vi drøftar korleis biletet endrar seg når vi måler gjennomføringa over fleire enn fem år. Kapitlet skildrar ulike årsaker til at nokre elevar og lærlingar ikkje når full kompetanse.

I kapittel ni kan du lese om vidaregåande opplæring for vaksne. Kapitlet omtalar rettane til dei vaksne, og kva for særskilte tilbod dei møter. Vi peikar her på nokre utfordringar med dagens tilbod til vaksne.

Kapittel ti omtalar aktørar, roller og ansvar i opplæringa. Kapitlet omtalar den statlege styringa av vidaregåande opplæring. Vi omtalar også roller og ansvar hos fleire aktørar, både på statleg og regionalt nivå.

Kapittel elleve summerer opp dei overordna vurderingane utvalet gjer for å skildre sterke og svake sider ved opplæringa. Vi summerer opp våre vurderingar i nokre spørsmål, som vi skal ha med oss i arbeidet med hovudinnstillinga, som vi skal levere hausten 2019:

  • Har retten til opplæring for tronge vilkår?
  • Legg vi til rette for at elevane er kvalifiserte til neste nivå?
  • Gir vidaregåande opplæring rom for fagleg fordjuping?
  • Har vi to klart definerte løp gjennom den vidaregåande opplæringa?
  • Er fellesfaga eigentleg felles – og skal dei vere det?
  • Generell studiekompetanse – for generell?
  • Auka gjennomføring – kan vi bli enda betre?
  • Behovet i samfunnet for kompetansen til vaksne aukar – tar vi dette på tilstrekkeleg alvor?